Meny
Meny

«MOTs Mestringsreise 2015»

 

«MOTs Mestringsreise 2015»

Aurland er eitt av 45 Lokalsamfunn/Nærmiljø med MOT som har fått tilbod om «MOTs Mestringsreise 2015»

Dette er eit MOT – tiltak som skal gje ungdom ei oppleving av meistring –  at  sjølvkjensla og mot vert styrka. Det er eit av MOT sine store tiltak for å forsterke MOT – programma i ungdomsskulen, og på vidaregående skule. Tiltaket skal også forsterke verknaden av MOT som verktøy for å bygge og utvikle  MOT –  kultur i skulen og nærmiljøet.

«Mestringsreisen»  sine tre hovudelement:

  • » Mestringsdag» – ein dag i lokalsamfunnet/nærmiljøet der «alle» ungdomar vert sett
  • » Mestringsungdom» – ein ungdom som har talent, og treng mot og kjensle av å meistre for å utvikle talentet.
  • Utviklingssamtale på MOT – Camp – eitt døgn med » Mestringsungdomen»

«Mestringsreisen» inneheld fleire element, lokalt skal ein finne fram til ein eller fleire » Mestringsungdomar» , Utviklingssamling ( MOT – Camp) 1. – 2. 12 2014 , «Mestringsdag» i lokalsamfunn/nærmiljø i veke 7 2015.

Aurland har som sagt fått tilbodet om «MOTs Mestringsreise 2015», noko me sjølvsagd set stor pris på, og er svært glade for.

Det er enno ikkje avgjort om ein skal takke ja til tilbodet,  ein må vurdere om ein både har høve og kapasitet til å gjennomføre det på ein god måte.

Hallgeir Høydal

 

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge