Meny
Meny

Fakkeltog skapte fin stemning i haustmørke

Nynorske litteraturdagar  sitt fakkeltog til støtte for Aurland som Lokalsamfunn med MOT skapte fin stemning i haustmørke. Fakkeltoget var annonsert i festivalavisa og starta frå Aurland idretts og samfunnshus etter opningsarrangementet, og gjekk ned til Vangen kyrkje der det vart skipa til ei anna arrangement.

Inne i hallen i Aurland idretts og samfunnshus hadde leiar i elevrådet ved Aurland barne og ungdomskule,  leiar for den lokale ungdomsklubben og MOT informatør sal av MOT effekter og faklar

IMG_8036[1]

På bilete over: Leiar i elevrådet ved Aurland barne og ungdomskule, leiar Anita Lærum og MOT informatør Gunn Veum

Omlag ein 50–60 personar gjekk i fakkeltoget der ordførar i Aurland Noralv Distad gjekk fremst bak MOT banneret. Dette var første gongen det vart arrangert fakkeltog, men vonar at det vert årvisst. Lokalsamfunn med MOT er takksam for at Nynorske litteraturdagar samarbeidar og stør MOT arbeidet i  Aurland kommune.

IMG_8049[1]

På bilete over: MOT informatør Gunn Veum og leiar i elevrådet ved Aurland barne og ungdomskule fremst med MOT banneret, og rett bak ordførar Noralv Distad. I refleksvestar, styremedlemar i Nynorske litteraturdagar.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge