Meny
Meny

Nynorske litteraturdagar om å vere støttespelar for Lokalsamfunn med MOT

last ned

Nynorske litteraturdagar ønskjer å vera ein støttespelar for MOT i Aurland, og skipar difor til fakkeltog for å stø MOT sitt arbeid i Aurland i etterkant av opningsarrangementet vårt. Me ser føre oss at dette blir ei stemningsskapande og fin stund i haustmørkret, som også vil koma ungdommane i Aurland til gode! MOT sin visjon er: Eit varmare og tryggare oppvekstmiljø. MOT sine verdiar er: MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. I Aurland er MOT tilstades i ungdomsskulen gjennom 2 MOT-informatørar som gjennomfører 15 økter i ungdoms – skulen og 2 økter for foreldra.

 

Gjennom øvingar og refleksjon saman med elevane jobbar MOT for at elevane skal bli medvitne kring MOT sine verdiar – og slik bli godt rusta til å ta eigne val. MOT er i år også med på Meistringsreisa – eit prosjekt som vil enda opp i at det vert arrangert ein meistringsdag på skulen 4. november. Møt fram til fakkeltoget og bidra til at dette arbeidet får den stønaden det fortener.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge