Meny
Meny

Drømmebesøk for Frida Landro

Frida Landro, som går på niande trinn på Tranevågen ungdomsskule, fekk denne veka oppfylt draumen sin. Draumen vart ein realitet då ho saman med tre vaksne MOT-folk fekk gje noko til dei ho er så glad i og som ho har ein inderleg ønske om skal verta friske. Då fekk ho gje «eit tonn med kjærleik».

Det er nemleg slik at elevane på niande trinn kan søkja om det er mogleg å senda inn ein draumesøknad til MOT. MOT-informatør Vigdis Taranger fortel at Frida hadde ein fantastisk god draume-søknad. Denne søknaden gjorde eit sterkt inntrykk på dei i MOT som vurderte alle søknadene.

Frida skriv:

– Eg har lenge vore innlagt på sjukehus og veit kor «dritt» det kan vera, iallefall no når det nærmar seg jul. Då eg var innlagt, vart eg venn med mange fantastiske menneske. Alle hadde så tunge historiar eg vart rysta i marg og bein. Eg ønskjer å å hjelpa dei til å bli friske. ….

Ho skriv at derfor er draumen hennar å reisa på Haukeland no i juletida og besøkja dei som er på barneavdelinga. På tysdag var dei fire på barneavdelinga og overrekte aktivitetsutstyr, leiker, spel og julemusikk. Og barna vart svært glade for gåvene dei fekk.

Frida avsluttar søknaden med ein sterk bodskap.

– Draumen vil kosta ca. …..veit ikke .. å oppfylla. Men i allefall eit tonn med kjærleik! skriv ho i søknaden.

Og på tysdag fekk Frida oppfylt draumen sin!

Det kom inn mange gode draumesøknader.

  • Nokre drøymer om kvit jul.
  • Ein drømmer om å læra å dykka.
  • Mange gutar drøymer om sjå ein fotballkamp med favorittlaget sitt.
  • Nokre drøymer om å få ein proff handballspelar til å trena laget sitt ein dag.
  • Ein ungdom ønskjer fred på jord.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge