Meny
Meny

MOT informatør i Lindås

Lindås kommune er veldig heldig som har ein særdeles dedikert stab av informatørar.

Birgitte Bruget er fra Brumundal, lærar, super trombonespelar med Manger Musikklag og informatør fra juni 2010.

Randi Træland Hella er fra Hundvin i Lindås kommune. Helsesøster med mange jern i ilden og eit drivande engasjement for barn og ungdom. Utdanna informatør februar 2010 og blei kåra til årets informatør for sør- og vestlandet i 2013.

Magne Legernes er særs engasjert og har eit stort nettverk av folk. Han er dedikert til idrett og friluftsliv og brenn for bygda si Alversund. Magne er fysioterapeut og fekk sin informatørutdanning i februar 2010. Magne er fotballtrener for eit MOT-guttelag som grunna haldningane sine blir lagt merke til i heile regionen.

Hans Henrik Karlsøen har vore med sidan starten og fekk sin informatørskolering juni 2009. Han er frå Hardanger og er utdanna lærar.

Åse Hagesæter er frå Hjelmås i Lindås kommune. Ho har snakka varmt om MOT i mange år og fekk endeleg si informatørskolering i juni 2014. Åse er utdanna lærar, ein glimrande pianist og kordirigent.

Ketil Porsmyr er og ein kjend person i regionen. Ein frilufts- og sportsinteressert sprek kar med mange jern i ilden. Ansatt på Knarvik ungdomsskule og brenn for arbeid med – og tilrettelegging for born og ungdom. Han fekk si informatørutdanning i juni 2014.

Øyvind Feste er ein kjernekar og ein humørspreiar. Han driv eigen køyreskule og er engasjert i mykje. Han skal få informatørutdanninga si i okt 2014 og vi gler oss til at han skal bli eit “fullverdig medlem” i MOT teamet.
Visjonslogo m tekst

Me vil ikkje gløyme informatørane som har vore med oss i Lindås:

Marit Tømmermo er utdanna lærar og ein dirigentkapasitet i regionen. Opprinnelig frå Rock City (Namsos) og fekk sin informatørskolering i september 2010. Marit slutta som informatør i Lindås juni 2014.

Alexander Kjesæth er fra Alversund, lærar og fikk sin informatørutdanning aug 2009. Han sluttet som informatør i Lindås juni 2014.

Charlotte Nielsen kom hoppande frå nabokommunen Masfjorden, ferdig utdanna informatør og glei rett i i MOT teamet i Lindås. Charlotte er utdanna fysioterapeut og slutta i MOT Lindås juni 2014.

Åsmund Steine var med heilt frå starten av MOT i Lindås. Han er lærar og blei utdanna informatør i juni 2009. Han flytta ut av kommunen i januar 2010 og slutta da som informatør i Lindås.

Jorunn Blindheim er lærar og blei utdanna informatør i juni 2009. Ho var med som informatør fram til våren 2012 då andre oppgåver i skulen måtte prioriterast.

 

Me takker for innsatsen og engasjementet kor alle har bidratt med at MOT Lindås blei kåra til Årets lokalsamfunn med MOT i 2012.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge