Meny
Meny

Randi er best i sørnorge

randi træland hella4MOT informatør Randi Træland Hella ble kåret til den beste informatøren i regionen sør- og vestlandet. Dette skjedde på MOT sin landslagssamling på Stjørdal sept 2013, i skarp konkurranse med mange andre.

Randi er det næraste ein kjem genuint dedikert informatør. Ho er uselvisk i høve eigne ønskje og behov og legg til rette for at alle kring henne skal ha det bra. Ho meiner det ho seier og gjer det ho meiner – alt til det beste for andre. Dette legg ungdomen merke til og den positive responsen på Randi sin veremåte er god å sjå.

Randi har ein eigen evne til å sjå og kommunisere med ungdom på ein måte som skaper tryggleik kring vanskelege tema. Dette er ungdommelege eigenskaper som er avgjerande for det gode arbeidet ho gjer, både som informatør og som helsesyster i kommunen.

Randi er aktiv innen mange område på frivillig basis, ho er samfunnsengasjert og ikkje redd for å ta i eit tak. Ho er ein drivande positiv kraft for heile MOT-teamet i Lindås – inviterer til samlingar, fikser og ordner opp. Ho er den fyrste til å seie ”Eg gjer det!”

Randi veit at ungdom treng struktur og sunne verdiar. Ho veit at ungdom treng vaksne rollemodellar. Struktur, verdiar og solide roller er i korte trekk – Randi.

MOT i Lindås kommune er særdeles heldig som har Randi som MOT-informatør og vi GRATULERAR.

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge