Meny
Meny

Når vaksne blir statistar

Ein gøy dag med ungdom og MESTRING i Lindås. Fleire arenaer takast i bruk, ein flytter frå den ein suksessen til den andre – og vi vaksne blir statistar. Ungdom får ansvar, ungdom tar ansvar. Dette må berre bli superbra. Og det ble det.

Bjørn Tore og Helene frå MOT sentralt kom som ein stor inspirasjon for oss i Lindås. Godt gjort å få så mange ungdomar til å vere stille og rolige i eit fullsett amfi på Knarvik ungdomsskule. Personane på scena har sølvsagt sitt med det å gjere men bodskapen må ha vore viktig….. Men den viktigaste bodskapen er at ungdom er til å stole på, og at dei er flinke. Vi har alle ein eigenskap å vere stolt over. Det handlar om å tørre, om å vise seg sjølv, og andre, at knuten i magen kan eg arbeide med for å gjere det lettare for meg sjølv i framtida.

Andreas Garrido frå Alversund er MESTRINGSUNGDOM. Han var på MOT Camp med saksofonen sin og fekk med seg ein pakke vi veit er til å stole på. Dette skal Andreas byggje vidare på. Og på scena i Knarvik fekk Andreas vise fram eit program vi forstår veldig godt at han har jobba med. Det same kan seiast om dei andre aktørane denne aprildagen – konferansierar, pianospelarar, korpsmusikantar, gitaristar, songarar og dirigentar. Vår eigen rådmann, Hogne Haugsdal, er ein særs habil trompetar og dirigent. På eitt bilde nedanfor er han i sving med å dirigere «ten-piece» sett saman frå fleire skulekorps. Han er og MOT Lindås sin leiar.

Visjonslogo m tekst

MOT er seriøs, vi vaksne i MOT Lindås er seriøs og ungdom ønskjer å bli tatt seriøst. Og du verden så mykje moro vi har det……

 

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge