Meny
Meny

Lindås har fått nye informatørar

Det er ikkje kjekt når informatørar av ymse grunnar ikkje lenger kan vere ein del av MOT teamet. Men sånn er det berre. Og då er  det viktig at ein kan omstille seg, vere kreativ og sjå potensiale i eit nytt team. Og det har vi gjort – og vi har vore særs heldige.

Visjonslogo m tekst

Åse Hagesæter er ei drivande god dame frå Hjelmås med eit stort nettverk og mange i kommunen kjenner ho. Ho er lærar på Lindås ungdomsskule og har i lang tid snakka varmt om MOT. No er ho utdanna informatør og skal frå hausten av vere ein del av MOT teamet i Lindås. Me ønskjer ho hjarteleg velkommen i teamet.

Ketil Porsmyr er og ein kjend person i regionen.  Ein frilufts- og sportsinteressert sprek kar med mange jern i ilden. Ansatt på Knarvik ungdomsskule og brenn for arbeid med – og tilrettelegging for born og ungdom. Han fekk si informatørutdanning i juni 2014 saman med Åse. Velkommen til Ketil.

Øyvind Feste er ein kjernekar og ein humørspreiar. Han driv eigen køyreskule og er engasjert i mykje. Han skal få informatørutdanninga si i okt 2014 og vi gler oss til at han skal bli eit «fullverdig medlem» i MOT teamet.

Desse tre dedikerte personane vil vere ein kjemperessurs i MOT teamet. Vi er glade og stolte over at dei vil vere ein del av teamet vårt.

Her finn du dei andre informatørane i kommunen

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge