Meny
Meny

Å leie MOT i ein kommune

signeringsbilde1Å ha MOT etablert i ein kommune er eit val av strategi som må takast på høgste nivå  både administrativt og politisk.

Dette valet tok Lindås kommune si leiing den 5 mai 2009.  Ordførar og rådmann hadde gjort ei grundig undersøking og gjekk saman med Radøy kommune samstundes inn på avtale med MOT. Med god drahjelp frå Bjørn Tore Bystrøm frå MOT sentralt blei avtalen underteikna denne flotte vårdagen.

Å leie MOT i ein kommune er å leggje tilrette for at eit heilt team skal fungere. Teamet består administrativt av MOT-leiar, MOT-koordinator og MOT-informatørar. For Lindås kommune sin del har d et vore viktig å tenkje heilskap i tiltaket, så støtte frå politisk leiing har vore heilt avgjerande.

MOT leiar frå første dag var rådmann Øistein Søvik. Han var klar på at MOT måtte integrerast i eit tempo kor heile teamet hadde kontakt med programmet.  Eller sånn som MOT sjefen Atle Vårvik så treffande sa det på eit årsmøte i MOT Lindås: «Gå sakte med joggeskoa på…» Øistein Søvik fokuserte på at dei delane av programmet han såg viktig, måtte bli av beste kvalitet. Fokuset førte til at MOT Lindås blei kåra til «Årets  lokalsamfunn med MOT 2012»

MOT leiarar i Lindås kommune:

  • rådmann Øistein Søvik – mai 2009 til feb 2014
  • rådmann Hogne Haugsdal – feb 2014 til juni 2014
  • rådmann Ørjan Raknes Forthun – juni 2014……

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge