Meny
Meny

Randi ny koordinator

Randi Træland Hella tok over som MOT koordinator i Lindås den 1 aug.

Ho har vore MOT informatør i 5 år og vil fortsetje å vere det sjølv om ansvaret no er utvida med ein koordinator-rolle. randi træland hella4 MOT Lindås får ei dreven dame i leiinga, du kan lese meir om Randi her.

Avtroppande koordinator, Per Ole Ekker, nytter høvet til å takke MOT for 5 flotte år. Han var så heldig å fekk vere med i teamet som starta opp MOT i Lindås mai 2009. Læringskurven i starten var so bratt at det mest var 90 grader rett opp. Alt var nytt for alle og vi måtte tidleg finne modular innan programmet å satse på. I eit årsmøte i MOT Lindås sa Atle Vårvik det så treffande: «…å gå sakte med joggeskoan på…»

 

🙂 MOT Lindås er bra fordi vi har politisk og administrativ leiing med på laget. Eg vil rette ein stor takk for tilliten dykk har vist MOT Lindås.

🙂 MOT Lindås er bra fordi vi har dedikerte informatørar som gir så mykje av seg sjølv. Dykk er ein suksess for MOT Lindås.

Eg er heilt sikker på at tilliten og engasjementet vil visast tilbake i trygge ungdom som tar gode val basert på sunne verdiar. Då vert det eit godt lokalsamfunn.

Per Ole Ekker

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge