Draumar blir røyndom i Lindås – igjen…..

Å få spele med verdas beste brassband er like stort som å spele for Brasil i fotball VM. Sander Gjerde frå Knarvik vil sikkert seie det slik. Eikanger Bjørsvik Musikklag (EBML) er blant verdas beste brassband og draumen til Sander er å få spele med dei. Sander er ein dugandes trommis i eit lokalt skulekorps i Knarvik og han hadde MOT draumen klar. Tenk å kunne få spele med desse folka….. Ein særdeles velvillig Viggo Bjørge frå EBML ordna opp og Sander fekk både øving og konsert med dette verdskjente bandet. Avisartiklar om denne draumen kan lesast i Avisa Nordhordland 11 juni 2014 og i Avisa Strilen 10 juni 2014.

Draumar blir røyndom i Lindås

Andreas Solli (2)Andreas Solli er ein driftar med MOT. Han har søkt om å få oppfyllt ein MOT-draum, nemleg det å få sitja på med ein driftar. Ordførar, rådmann og eit MOT-team i Lindås kommune innvilga draumen og på E39 på veg til Eikåsbanen gjekk det i sømmeleg normalfart. Vel framme på Eikåsbanen er det ein omfattande påkledning til køyredrakt før Andreas faktisk kler på seg ein racerbil. Trangt om plassen i cockpit, hissige instrument og brølande motor gjev eit adrenalinkick som berre må opplevast.

Ein kan ikkje få nok av drifting når basillen først sit i kroppen. Det er noko med det å bli flytta i aksar ein normalt ikkje har eit forhold til. Kva seier kroppen min når eg blir utsatt for dette? Det finn du ut på Eikåsbanen. Kanskje Andreas er driftaren som tar deg med på ein runde, når den tid kjem.

MOT Lindås meiner det er viktig at ungdomen har draumar, og at somme av dei kan realiserast i fellesskap. Vi må alle ha noko å strekke oss etter. Tusen takk til Stig Wilhelmsen frå driftarmiljøet som oppfylte draumen til Andreas. Avisartikkel kan lesast i Avisa Nordhordland 25 juni 2014.

 Andreas Solli (5) Andreas Solli (3)-2