Gammel buss med UMM til BRANN

Når 10` arane berre har nokre få veker igjen av siste året på ungdomsskulen, ja då veit dei at det er BRANN-kamp på gang. Slik har det vore og slik blir det også iår. Bussen står klar. Turen går mot BRANN stadion i Bergen. Ungdom med MOT i Lindås er ein kjemperessurs og då er det kjekt at dei kan få ein avslutningssamling saman på stadion, sjølvsagt med håp om at BRANN vinn kampen og stemninga er på topp.  Veteranbussen frå Nordhordland Veteranbussklubb som køyrer oss er gammel, UMM er unge – eit godt samspel som vitnar om tradisjon og framtidshåp. Begge er viktige og heng saman.

Det er noko med felleskapet i UMM. Å gjere noko kjekt saman set spor resten av livet. BRANN er ikkje i storslag for tida, dei tapte kampen men sånt er fort gløymt. UMM blir aldri gløymt, det er eit resultat som står for all tid. Tusen takk til UMM som gjer ein forskjell på skulane i Lindås og lykke til vidare i livet.

UMM`arar med fin tid framfor seg

Vi gratulerer dei nye UMM`ere i Lindås hausten 2013. 16 spesielt utvalgte som har nokre spanande månader i 9 klasse og heile 10 klasse å sjå fram til.

Tarjei Jordal Rikard Ness
David Soltveit Ulrikke Fonnes Haugland
Daniel Bilsback Petter Lauvås
Joakim Myksvoll Sunniva Myklebust Hansen
Launa Marie Mjanger Julie Øvretveit
Ulrikke Hugaas Kristina Eknes
Victoria Skorpen Guldbrandsøy Ronja Merethe Hauge
Emma Eide Mathias Laastad

Lindås UMM – noko for seg

Ungdom får – og dei gir masse meir tilbake. Det er så herlig forfriskande å tilbringe timar med latter og glede saman med ungdom. Trettiseks UMM`arar er ein formidabel mengde initiativ – og dette initiativet skal vi ta godt vare på