Meny
Meny

Årsmøte for MOT i Nord-Fron

Nord-Fron kommune er inne i sitt andre skuleår som eit «lokalsamfunn med MOT».
Tysdag 12. mai var det årsmøte, kor dei lokale MOT-medarbeiderane rapporterte om
aktiviteten som har vore det siste året, og det kom også særs gode nyheiter frå MOT sentralt.

 

Årsmøte 2015Årsmøtet fann stad på «MOT-huset» (gamle tannklinikken ved Vinstra ungdomsskole) og både rådmannsleiinga
og ordførar/MOT-leiar Olav Røssum var til stades, samt representantar frå Vinstra ungdomsskule, Vinstra vidaregåande og Skåbu oppvekst.

MOT-koordinator Erik Tøftestuen kunne, saman med MOT-informatørane Morten Stubbrud og Liv Berit Audestad,rapportere om eit høgt aktivitetsnivå for MOT-arbeidet det siste året.
Utdanninga av 8 Ungdom med MOT, samarbeidsavtale med FF2010 og MOT til å glede-dagen var noko av det som vart framheva.

For fyste gong gjennomførte også Nord-Fron den årlege desemberundersøkelsen frå MOT sentralt.Undersøkinga seier noko om korleis elevane i 10. trinn opplev MOT-programmet lokalt, og kva effekt dei meiner det har for miljøet i klassa og på skulen. Regionleder for MOT på austlandet, Sverre Ræder, kunne melde om at Nord-Fron ligg over landsgjennomsnittet i desemberundersøkinga for 2014: på ein skala fraå 1 til 7 ligg landsgjennomsnittet på  5,59, medan Nord-Fron ligg på 5,62.

– Dette er enda ei bekrefting på at elevane har sansen for det vi formidlar i MOT-auktane, og at det har ein effekt,seiar MOT-informatør på 10. trinn ved Vinstra ungdomsskole, Morten Stubbrud.

– Undersøkinga vil bli gjennomført kvart år framover, og det blir interessant å sjå korleis resultatet frå desemberundersøkinga vil endre seg når vi får 10. klassingar som har kjent til MOT-programmet frå 7. trinn,seiar MOT-koordinator Tøftestuen.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge