Meny
Meny

MOT til å glede-dagen 2015!

Måndag 23. November var den nasjonale MOT til å glede-dagen! MOT-teamet i Sogndal spurte Sogndal Ungdomsråd om dei ville vere med og setje fokus på glede denne dagen – og det ville dei!

Me var delt inn i 3 team som skulle ut i samfunnet på kvar sine arena og gleda andre. Det eine gledeteamet gav alle tilsette på Kvåle Skule ei personleg helsing og helste på lærarane på lærarrommet med Twist og drops. Etterpå reiste dei til nokre av barnehagane utkledd som klovnar og gleda dei med pepperkake og mandariner.

Det andre teamet hadde som føremål å glede stordelen av bygda. Dei var innom kommunehuset og helste på dei, og gjekk rundt til boligar og vandrande i sentrum. Dei delte og ut 3 MOT til å glede-roser som ein skulle gi vidare til nokon viss ein fekk han.

Det siste teamet var rundt på ulike bedrifter og tjenester i samfunnet med mandariner og pepperkaker!

Etterpå var heile gjengen samla på AMFI Sogningen og gleda både ansatte og personar som var på handletur. Me hadde mandariner, pepperkaker, drops, twist og det var mange ungdommar som gjekk rundt på senteret med «Free Hugs», sumobryterdrakter og klovnekostyme.

Ungdommane retta og ein stor takk til MOT-informatørane Mari, Anne Marthe og Maria som har vore fantastiske informatørar som sprudlar av positiv energi! Også praksisstudent Benedicte fekk gode ord, og me ungdommane er imponert over alle fire! For eit team!

12241514_10156358231155195_1925295047736802567_n

12243396_10156358231100195_6634586060365523079_n

12234917_946535702061666_4886279690445022015_n

11219062_10206765227623076_8312295490904797650_n

12244833_10206765208222591_6737705253556207019_o

MOT-informatørane Mari og Anne Marthe saman med praksisstudent Benedicte.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge