Meny
Meny

MOT TIL Å GLEDE-DAGEN 2016

Onsdag 23. November hadde me tidenes største markering av MOT til å glede-dagen i Sogndal! Unge MOTivatorar, unge MOT-leiarar, Sogndal Ungdomsråd og ungdommar frå asylmottaket deltok på den store gledesmarkeringa!

Stikkordet for dagen var tenk enkelt. Ungdommar markerte dagen ved å glede andre i heile Sogndal og oppfordra andre til å gjere det samme.

Nokre ungdommar gjekk i sentrum og på sjøkanten og gleda ansatte og tilfeldige forbipasserande med godteri, manderiner og drops. Dei som hadde ein ekstra dårlig dag, fekk også nokre godbitar. Sjå helsing frå dei her!

Gjeld å glede nokon som kanskje har ein ekstra tung dag.

Gjeld å glede nokon som kanskje har ein ekstra tung dag.

Ei gruppe gleda lærarane på skulane og ungane i barnehagane. Dei hadde med seg maskotten vår og nokre hyggjelege klovnar, og delte ut mandariner og godteri. Sjå helsinga deira her!

 

Lærarane på Kvåle blei gleda av ungdommane!

Lærarane på Kvåle blei gleda av ungdommane!

Den siste gruppa gjekk rundt på bedriftene på Campus og gleda dei som var på Høgskulen i Sogn og Fjordane med diverse godsaker. Deira helsing kan du sjå her!

Sogndal Fotball vart også gleda denne dagen!

Sogndal Fotball vart også gleda denne dagen!

Me hadde også fellesstand på Amfi Sogningen der me delte ut meir godsaker, blant anna heimebaka bollar frå ungdommane! Me delte ut varm solbærtoddy til dei som venta på bussen og andre forbipasserande i sentrum. Klovnane og maskottane var og på plass på senteret. Me hadde og ei live-sending som du kan sjå her!

Gjengen samla på fellesstanden på Amfi Sogningen!

Gjengen samla på fellesstanden på Amfi Sogningen!

MOT-koordinator Anne Marthe Kvale og Ung MOTivator Jørgen Sundsøy var også innom NRK Sogn og Fjordane og snakka om dagen og MOT. Høyr dekninga frå Kvåle Skule og intervjuet!

Anne Marthe Kvale og Jørgen Sundsøy i studio!

Anne Marthe Kvale og Jørgen Sundsøy i studio!

Dagen avslutta me med å sjå Kvåle Skule si årlege MOT til å glede-førestilling! For nokre talent som tør å by på seg sjølv for å gleda andre!! Showet vart avslutta med MOT-sangen, som gleda gjengen vår!

Showet på Kvåle Skule vart avslutta med MOT-sangen!

Showet på Kvåle Skule vart avslutta med MOT-sangen!

Denne dagen har lært oss kor enkelt det er å glede andre. Og ikkje minst kor stor glede ei så lita handling gir, for både den som gir og mottar. Alle kan bli betre på å glede dei rundt seg kvar dag, ikkje berre på MOT til å glede-dagen! Det krev så lite, men gleda er stor!

Tusen takk for ein fantastisk dag! Ikke gløym å glede dei rundt deg! Vart du gleda av nokon, så håpar me at du vil og glede andre! 🙂

Godsaker som skal blei delt ut!

Godsaker som blei delt ut!

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge