Meny
Meny

Ei reise eg alder ville vore forutan

Hausten 2015 skulle livet mitt bli forandra for alltid. Ein tenkjer kanskje ofte når ein høyrer den setning, at noko stort har skjedd, det har skjedd ei tragisk ulykke eller anna. For meg skjedde det då Anne Marthe i ungdomsavdelinga kom bort til meg i kantina, og spurde om eg ville reise til Trondheim for å få skulering slik at eg vart ung motleiar. Mot er ein ungdoms – og samfunnsbyggjar som styrkjar ungdom sin bevisstheit og mot til å leve, å bry seg og til å sei nei.

 

Det å ha MOT til å seie nei kan ofte vere vanskeleg, spesielt om det er knytt til alkohol, tobakk, rus, dårlege miljø osv. For min del fekk mot til å seie nei, ein litt anna betyding. For eit år sidan hadde eg fem ulike verv, eg var med på alt eg fekk tilbod om, og var nære på å gå i veggen. Eg klarte aldri å stoppe. Eg heiv meg rundt, laga timeplan slik at eg skulle rekkje alt eg måtte vere med på. Eg måtte droppe tid til familie, vener og skulearbeid. Eg brant så mykje for det eg haldt på med, at eg mista nesten litt kontroll. Då eg byrja å seie nei til ting eg eigentleg ikkje hadde tid eller krefter til å vere med på, var det vanskelegare enn eg trudde. Eg var nesten av avhengig av å vere opptatt. I dag, eit år seinare, mange samtalar og viktige ord, så veit eg grensene mine. Det er ikkje lenger problem for meg å seie nei om eg eigentleg skal i ein bursdag til ei venninne, vil slappe av eller reise på ferie.

 

Det å ha mot til å leve kan vere så vanskelig. Det kan handle om alt i frå å pushe sine eigne grenser, ta sine eigne val, setje mål for drømmane dine osv. For meg handla det om å vere fri, ikkje bry meg om det andre meiner. Det å leve for meg handlar om å kunne kle meg slik eg vil sjølv, gjere som eg vil, tenkje som eg vil utan at nokon andre rundt meg skal ha noko å seie for det. Eg trur detta er ein av dei viktigaste tinga ein ungdom i dag kan gjere. Drite litt i kva dei rundt deg seier du skal gjere eller seie eller sjå ut. Det er så viktig for oss ungdommar at vi står for kven vi er sjølv, og ikkje blir ein del av det presset, ein av dei som jagar etter å sjå ut som usunne skjønneheitsideal eller den mest populære i klassen. Etter eg byrja på VGS har det å kjempe for eit ”perfekt” utsjånad, trene fleire gangar i veka og kjøpe dyre merkeklede vorte bytta ut med finer minner, eigne meiningar og drømmar og eit håp om at ein dag alle ungdommar kan føle seg like fri frå presset som eg gjer. Eg kan takke MOT for at eg i dag respekterer meg sjølv for den eg er.

 

Når eg for eit år sida levde i den bobla eg gjorde, var det vanskeleg og både sjå andre og bry meg om meg sjølv. Sist eg skreiv i denne spalta snakka eg mykje om kva ein kan gjere i det kvardagslege, og det er fortsatt så utruleg viktig. Eg merkar så godt sjølv kor mykje energi og glede eg får ved å seie hei eller god morgon til folk eg møter på veg til skulen eller på butikken. Spesielt visst dei smiler og seier hei tilbake. Tenk om vi alle tenkte på denne måten, det hadde vore så mykje koselegare om alle tok blikket sitt litt opp på gata i staden for å surfe rundt på telefonane sine i det dei går forbi kvarandre. Eg sjølv jobbar fortsatt med å bli betre på dette.  For meg har det å ha mot til å bry seg hatt stor betyding for meg sjølv, eg har blitt så mykje flinkare tid å akseptere meg sjølv for den eg er, finne tid til å slappe av og rett og slett drive med litt sjølvpleie. Det er viktig i ein travel kvardag for å ikkje miste seg sjølv heilt, kjenne litt på korleis du eigentleg har det i mellom skule, jobb og fritidsaktivitetar. At ein ikkje alltid tenkjer på at alle andre skal ha det bra rundt seg, men å prioritere seg sjølv først nokre gonger.

 

Mot er ein heilt fantastisk organisasjon som har hjulpet ungdom landet over, inkludert meg sjølv. Det er så kjekt å få bidra i ein slik organisasjon, der målet er ein betre kvardag for ungdommane, ein lærer så utrulig mykje, og ikkje minst alt ein sit att med sjølv. Eg har møtt så mykje fine folk, lært om andre menneske og meg sjølv. Og har heilt klart fått eit anna syn på saker og ting i livet. Min oppfordring til deg som lesar er å oppsøke organisasjonen og å snakke med oss om kva vi gjer på, korleis vi gjer det og korleis det hjelper. Ta til deg det MOT-coachane snakkar om i timane sine i klassen og bruk det i din kvardag. Eg heiar på MOT, eg heiar på ein betre kvardag for ungdommane og meir lykkelege jenter og gutar landet over.

 

-Sofie Sundberg (Ung MOT-leiar)

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge