Meny
Meny

Stor dag for MOT i Sogndal

Onsdag 22. Februar fyllte MOT 20 år, og i kjølevatnet av feiringa har Kvåle Skule, Kaupanger Skule og Sogndal Kommune signert nye kontraktar. No skal dei inn i MOT sine nye program; «Skolen som samfunnsbygger» og «Kommunen som samfunnsbygger».

Sidan MOT vart stifta i 1997 har me skapt robuste ungdommar som har trua på sine eigne krefter. I samband med 20-årsjubileumet har MOT introdusert to nye program, og me er særs glade for at Kvåle Skule, Kaupanger Skule og Sogndal Kommune no er ein del av desse programma.

Skolen som samfunnsbygger byggjer på programmet som me allereie har i kommunen i dag, som er «Robust ungdom 12-16». Det nye programmet handlar om å forsterke dei unge rollemodellane og dei vaksne si forståing av viktigheita av ein inkluderande kultur. Det vil styrka rektor, skulepersonalet, dei unge rollemodellane og lokalsamfunnet sine foreldre, trenarar og leiarar som samfunnsbyggjarar. Det er óg med på å forsterke ein felles verdiplattform i skolen.

Skulane vil få føredrag og coaching kvart år frå MOT sentralt. Det vil og vera moglegheit for alle i lokalsamfunnet å delta på eit kveldsføredrag ein gong i året frå MOT sentralt, der tema vil vera «MOT – universalverktøy 24/7 på alle arenaer».

Kommunen som samfunnbygger handlar om å vidareføre det lokalsamfunnet med MOT som me har frå før. Avtalen vil styrke lokalt eigarskap og kan brukast som eit verktøy for ordføraren og kommuneleiinga i kommunens kulturbyggjing og personalarbeid, som også er ein del av kommunens verdiplattform og leiarfilosofi.

Me er særs glade for at skulane og kommunen er ein del av dei nye programma, og me er sikre på at det vil skapa eit endå tryggare og meir inkluderande miljø for heile lokalsamfunnet.

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge