Meny
Meny

Øystein toppa veldedigheitsløpet

Veldedigheitsløpet som MOT i Sogndal arrangerte 25. mars var ein stor suksess. Av dei 25 375 innsamla kronene til Eshoweprosjektet, stod Øystein Skjerdal Bondevik bak det største bidraget.

«Eg hadde ikkje trudd det, men det var veldig kjekt. Spessielt når det går til ein god sak» seier Øystein. Han samla inn heile 1800 kroner til Eshoweprosjektet, og var godt nøgd etter løpet. Sidan han stod bak det styrste beløpet, fekk han ein premie for den gode innsatsen.

Olav Bøthun var nære med å stikke av med premien for høgast beløp, men Øystein samla inn ein hundrelapp meir. Olav gjorde ein veldig god innsats med eit innsamla beløp på 1700 kroner.

«Vi ønskte å gjere noko kjekt i bygda som mange kunne delta på. Det var veldig morro å sjå at det var mange som heiv seg på og blei med på arrengementet» seier MOT-koordinator Anne Marthe Kvale. Heile 40 personar deltok på løpet, både store og små. Beløpet på 25 375 kroner vil gå til Eshoweprosjektet i Sør-Afrika. «Vi håper at endå fleire tar turen ned i fjøra neste år» er oppfordringa frå Anne Marthe.

 

Me vil takke Elkjøp (Kaupanger) for sponsing av dab-radio, armbånd LED light og refleks til vinnaren, og sponsing av armbånd LED light til andreplassen. Olav fekk også ein MOT-bag som premie for den gode innsatsen.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge