Meny
Meny

Dei gøymde eldkulene

Me er fantastisk flinke på å drøyme om ting. Alt frå ny bil, til draumejobben, til eksotiske reisemål. Eg likar å sjå på desse draumane som glødande eldkuler, fylt med positiv energi. Kvifor drøymer me? Jo, fordi det gir oss glede og energi. Ved å halde på desse eldkulene får me håp og motivasjon, og når draumane endeleg går i oppfylling, løyser eldkula seg opp og kroppen din får ta inn all denne positive energien.

 

Mange av desse eldkulene ynskjer me å ha nær oss, medan nokre gøymer me frå oss sjølve. Me dekkjer til all lyset gjennom bortforklaringar og negative oppfatningar om oss sjølve. Det er tankar som «Eg er ikkje flink nok», «Eg har ikkje tid» og «Eg veit ikkje om dei rundt meg vil forstå det.» Me tør ikkje å ha desse draumane fordi dei er for ambisiøse. Me tør ikkje å ha desse draumane fordi dei rundt oss ikkje har dei. Me tør ikkje å ha desse draumane fordi me trur at me ikkje klarar det.

 

Uansett kor langt ned du klarar å grave desse draumane, vil dei alltid gi eit lite lys frå seg. Dette vetle lyset vil heimsøkje oss kvar dag med det evige spørsmålet; kva hadde skjedd viss eg tok den eine sjansen? Å lure på kva som hadde skjedd viss ein tok ein ekstra sjanse er ei urovekkjande kjensle, som det er vanskeleg å bli kvitt.

 

Men kvar og ein har eit val. Du kan anten forsetje å dekke til kula med skyer av negative tankar, eller du kan byrje å grave fram desse gøymde kulene igjen. Kva eldkuler har du gøymt vekk? Ved å seie til deg sjølv at du er god nok og vite at familien og vennene dine støttar deg, kan du grave fram desse eldkulene sakte men sikkert. Ved å fjerne lag etter lag, kan du finne fram eldkulene att og følgje draumane dine.

 

Oss ungdommar er i det stadiet av livet at me skal finne oss sjølve, finne ut kva me drøymer om og finne ut kva me ynskjer å gjere. Ofte samanliknar me oss med andre, og høyrer for mykje på skulen, familien, naboar og vener. Me ser kva dei andre gjer, og gjer det same. Mange av oss gøymer vekk draumane våre for å passe inn og for å ikkje skuffe dei rundt oss. Me blir fortald at me skal finne og vere oss sjølve, men samstundes vert me fortalt kva me burde gjere.

 

Kanskje angrar du på at du ikkje tok den eine sjansen, men har du nokon gong angra på at du tok ein ekstra sjanse? Det er på tide å grave fram dei gøymde draumane våre, og byrje å ta aktive steg mot dei. Eg oppfordrar deg til å snakke med dei rundt deg og seie at du aksepterer og vil støtte dei draumane dei går med. At du vil støtte dei uansett kva draumar dei bærer på og kven dei har lyst til å vere. Og ikkje oppfordre vedkommande til å gjere noko anna minuttar etterpå.

 

Sanninga er, at mange av oss går rundt med desse gøymde eldkulene heile livet. Ein gøymer dei fordi ein ikkje tør å følgje draumane sine, uansett kor store eller kor små dei er. Har du lyst til å gå rundt resten av livet med desse gøymde draumane, eller vil du følgje hjartet ditt og gjere det du faktisk ynskjer? Har du ei gøymd eldkule, så vil eg forsikre deg om at det ikkje er for seint. Det er alder for seint.

 

Lat oss grave fram draumane våre, og følgje dei. Saman. Eg har trua på deg.

 

Oddbjørn Litlabø

Publisert i Sogn Avis 04.09.17

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge