Meny
Meny

MOT TIL Å GLEDE-DAGEN 2017

I tradisjon tru, vart MOT til å glede-dagen arrangert i heile Noreg 23. November. I Sogndal deltok både det lokale MOT-teamet, skulane og Sogndal Ungdomsråd, samt fleire andre. Sjå høgdepunkta frå dagen her!

Allereie tysdag 21. November byrja feiringa av MOT til å glede-dagen med førestillinga Ungdomsglede 2017 på Kvåle Skule. Elevar på skulen fekk delta i ei førestilling som skulle bli satt opp for resten av skulen, samt publikum utanfrå. Det var både sang, dans, syklistar, skodespel og innslag frå Taekwondo.

Onsdag 22. November byrja Kaupanger Skule si feiring av dagen. Det var duka til lunsj, med fleire underhaldningsinnslag. Eit flott intitativ for å glede andre!

På sjølvaste MOT til å glede-dagen var ungdommane i MOT og Ungdomsrådet utplasserte i heile sentrum for å glede andre. Barnehagane, Campus, bedriftar i Fjøra, kommunehuset, omsorgssenteret og AMFI Sogningen var blant dei som fekk besøk. I tillegg til dette var dei innom mange fleire bedrifter og institusjonar, og gleda minst like mange tilfeldige som dei møtte ute på gata.

Sogndal Vidaregåande Skule markerte dagen med å tilby elevane gratis kaffi og kakao, noko som var populært blant elevane.

Dagen vart avslutta med besøk av sjølvaste Stian Sivertzen. Han haldt føredraget sitt «Det finnes alltid ein opptur» på Meieriet, opent for alle. Mange møtte opp for å få med seg dette fantastiske føredraget. Alle drog heim att inspirert, og me er utruleg takknemleg for at me fekk få besøk av Stian på denne spesielle dagen!

MOT-pingvinane var så gira, at dei ikkje klarte å begrense seg til berre denne dagen. Dagen etter, på sjølvaste Black Friday, tok dei seg ein tur på AMFI Sogningen for å glede nokre av dei mange kundane.

Og det er jo det denne dagen handlar om. Å inspirere og oppfordre kvarandre til å glede andre, uansett kva dag det er.

Tusen takk for ei fantastisk dag, og forsett å glede andre, uansett kva dag det er! 🙂

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge