Meny
Meny

Ung-Motivator+

Torsdag 31.mai og fredag 1.juni har me som er Unge-MOTivatorar (UMM) fått påfyll frå Sverre Ræder, noko som gjer oss til UMM+. Sverre jobbar i MOT-Norge, og har gjort oss meir bevisste på vår rolle som Unge-MOTivatorar. I tillegg hadde me besøk av vår kjære Anne Marthe, noko som alltid er kjekt.

Dag 1

Økta starta med at me hadde bli kjent-leikar med Sverre. Når me hadde blitt kjend, gjekk me vidare til øvelsar som gjorde oss meir bevisste på korleis forskjellige personar i samfunnet har det. Det å seie hei og slå av ein prat, kan ha utruleg mykje å seie for dei som ikkje føler seg inkluderte i samfunnet. Dette er noko alle, ikkje berre UMM+ må hugse på i dagleglivet.

Dag 1 hadde mest fokus på det å sjå menneska rundt seg, og kor stor effekt flybensin kan ha på oss. (Flybensin er eit begrep me brukar om positive kompliment som gir menneske energi). I tillegg snakka me om korleis me som UMM+ kan gjere ein positiv forskjell for dei som gruar seg til å begynne på ungdomsskulen. Her var det mange gode idear, alt i frå leikar i friminutta til kampanje på sosiale-media.

Dag 2

På dag 2 fokuserte me meir på korleis rolle UMM+ har i MOT. Det kan oppsumerast i tre punkt; positiv marknadsføring av MOT, vere ein god rollemodell og gjennomføre aktivitetar i regi av MOT, for eksempel MOT til å glede dagen. I tillegg har me planlagt kva me i Sogndal skal gjere framover for å oppretthalde, og utvikle, vår posisjon som ein sterk MOT-kommune. Her kjem det mykje spennande framover, så følg med:)

I tillegg til fagleg påfyll har me hatt sosiale aktivitetar som kubb, quiz og bading. Dette er viktig for å styrke samhaldet i gruppa, slik at me kan fortsette med det arbeidet me gjer.

Tusen takk til Sverre og Anne Marthe som tok seg tid til dette, det var utruleg kjekt og inspirerande <3

 

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge