Meny
Meny

OPPSTART UNGDOM MED MOT

I haust starta Sund opp ein sentral del av MOT-arbeidet; Ungdom med MOT. Elevar på 9. trinn har søkt om å bli UMMarar, og til slutt vart seks modige ungdommar plukka ut til dette viktige arbeidet. Dei utvalde var Ingvill Spilde, Henrik Bakke, Tuva Berge, Karina Selstø, Chris Svendsen Mestre og Cathrine Leirvaag.

Første steg på vegen var skolering. Torsdag 19. september og fredag 20. september reiste seks spente ungdommar, saman med informatørane Vibeke og underteikna til Speiderhuset i Kjøkkelvik, der opplæringa skulle skje. Vi informatørar var minst like spente som ungdommane, ettersom det var første gang med UMM-skulering for oss og.

Skoleringa føregjekk saman med fire andre lokalsamfunn/nærmiljø; Øygarden kommune, Sandgotna, Ytrebygda og Olsvik. Til saman var heil 40 ungdommar med på dette. Å få møte andre ungdommar var i seg sjølv spanande for våre håpefulle. Ivar Einarsen og Vigdis Taranger, som er informatørar i Fjell kommune, stod for opplæringa. Dei har jobba med MOT i 10 år og er i så måte røynde i dette arbeidet.

Det vart intense dagar med fullstappa program. Første dagen fekk dei lære meir om MOT og kva som vert forventa av dei som skal bli UMM. Dei jobba i grupper og presenterte rollespel. Leikar/aktivitetar vart det og tid til.

Ei av oppgåvene til Ungdom med MOT er å gjere overgangen til ungdomsskulen lettare for dei som går i 7. klasse. Eit viktig element i dette er at UMM parvis besøker 7. klassane og gjennomgår eit tre timar langt opplegg med dei. Dette besøket var i fokus på andre dagen av skoleringa. Manus for kva dei skal gjere under besøket på 7. trinn vart gjennomgått. Deretter fekk dei tildelt ulike delar av opplegget som dei måtte øve på, og framføre for dei andre. Ungdommane gav kvarandre ros for det som var bra, og konstruktiv kritikk i høve til kva dei kunne gjere betre.

Dette var lærerike dagar for både komande UMMarar, og oss som informatørar. Ungdommane har fått lære om MOT, kva som vert forventa av dei, og ikkje minst har dei fått gjennomgang og øving i det dei sjølv skal gjennomføre i 7. klasse. Vi som informatørar har fått erfart korleis ein kan skolere Ungdom med MOT, og er no vere i stand til å gjennomføre dette sjølve.

Roger Førde

MOT-informatør og koordinatoe

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge