Meny
Meny

Ungdom som rollemodellar

10.klassingar frå Ulstein og Haram starta skuleåret med MOT-utdanninga «Ung MOTivator +». Desse ungdommane vil gjere ein ekstra jobb for å bidra til eit godt og inkluderande miljø ved sine skular.

10.klasingar frå Ulstein og Haram samla til utdanninga «Ung MOTivator +» 24.-25.august 2017.

Oppgåver og forventningar til ein «Ung MOTivator» var mellom tema som Magnus Bjørgan frå MOT sentralt gjekk gjennom under den to dagar lange samlinga. Dette handlar om korleis opptre som gode førebilete og vere der for medelevar.
-Vi ønsker å forandre kvardagane til folk til det gode. Dessutan er det fint å tenke at ein kan gjere ein skilnad for folk, sa Sanne Kleven, Lina Dorthea Solheim Stave og Sara Helen Ulstein til lokalavisa Vikebladet/Vestposten.

-God energi
Dei tre jentene var tre av tolv ungdommar frå Ulstein ungdomsskule som var med på denne utdanninga med MOT.
-Tilbakemeldingane frå ungdommane både frå Ulstein og Haram er gode. Dei lærte mykje av samlinga og vi er glade og takksame for at dei vil vere med å bidra for eit godt og inkluderande miljø, seier MOT-koordinator Marie Flatin, som hadde det praktiske ansvaret under samlinga.
Kurshaldar Magnus var også godt fornøgd med samlinga og uttala følgande til lokalavisa: -Elevane har hatt god energi, vore på og bevisste. No håpar eg dei har fått ein «boost» til å arbeide og stå på vidare med å vere til stades og skape ein god kultur på skulen.

Fotoglimt frå samlinga:

Av: MOT-koordinator Marie Flatin

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge