Meny
Meny

Årets Ildsjelsamling

Åtte frå det lokale MOT-laget i Ulstein er inspirert og motivert til vidare MOT-satsing etter årets Ildsjelsamling som samla over 600 MOT-medarbeidarar frå heile landet.

MOT-gjengen frå Ulstein i lag med to av organisasjonen sine stiftarar Johann Olav Koss og Atle Vårvik.

Frå Ulstein – Lokalsamfunn med MOT reiste MOT-coachane Torill Vågen Vattøy, Wenche Gjerde Sætre, Mary Ann Brandal, Gunhild Verås Grimstad og Marie Flatin.
– Ekstra kjekt at vi hadde med oss tre av våre unge MOT-leiarar. For denne samlinga gir så mykje energi og ny inspirasjon, seier Flatin, som også er MOT-koordinator i Ulstein.

Synnøve Rabben, Hedda Djupvik Strømberg og Anna Natalie Ballo Hov vart utdanna som unge MOT-leiarar i vinter på MOT-camp ved Trondheim.
– Dette var veldig kjekt å vere med på, samstemmer dei tre jentene som no går første året på ulike vidaregåande skular.

Anna Natalie, Hedda og Synnøve på scena i lag med mange andre unge MOT-leiarar frå heile landet under avslutninga av årets Ildsjelsamling.

Årets Ildsjelsamling markerte MOT sitt 20-års jubileum. Publikum fekk mellom anna servert heile historia frå det som Atle Vårvik kallar svangerskapet med norske toppidrettsutøvarar mot narkotika etter OL på Lillehammer i 1994. I 1997 vart som kjent organisasjonen MOT stifta av Vårvik saman med Johann Olav Koss, Rune Bratseth og Dag Otto Lauritzen.

Tre av fire stiftarar av MOT representert under årets Ildsjelsamling. Atle Vårvik, Johann Olav Koss og Rune Bratseth. Sistnemnde kjem til Ulstein for å halde foredrag for kommunen si toppleiing 10.oktober.

I samband med jubileumet inviterte MOT dei som var med på den aller første MOT-skuleringa i 1997. Ein av desse er Odd-Magne Koppen frå Ulsteinvik, som i over eit tiår var MOT-coach i Herøy kommune.
– Stas å bli invitert og veldig kjekt å ta del på denne samlinga. MOT er ein del av identiteten min og eg har hatt god bruk for verktøya også utanfor klasseromma. Til dømes som tenar i fotball, fortel Koppen.
Han synest det er bra at Ulstein satsar på MOT-arbeidet: – Eg har inntrykk av at det vert jobba godt, held han fram.

Tidlegare MOT-coach i Herly, Odd-Magne Koppen flankert av Ulstein sine MOT-coachar f.v. Marie Flatin, Gunhild Verås Grimstad, Mary Ann Brandal, Wenche Gjerde Sætre og Torill Vågen Vattøy.

Mange høgdepunkt under årets Ildsjelsamling. Frå scena var det både mykje inspirerande og god prat, og ikkje minst mange dyktige som bidrog musikalsk. Lag eit godt skuleår med MOT!

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge