Meny
Meny

Verdsmeister på Ulstein sitt MOT-lag

Karsten Warholm signerte i dag avtale om å vere MOT-ambassadør for Ulstein – Lokalsamfunn med MOT. – Veldig kjekt å bli spurt og naturleg å takke ja fordi det er eit ekstremt godt formål, seier 21-åringen.

Sjå Karsten si helsing til ungdommane i Ulstein her:

https://www.facebook.com/UlsteinLokalsamfunnMedMot/videos/802427116602235/

Verdsmeistereren i 400 meter hekk signerte avtalen i den nye MOT-loungen ved Ulstein ungdomsskule. 21-åringen som starta karrieren i Dimna IL har sjølv hatt MOT-programmet då han var elev ved Ulstein ungdomsskule.
– Eg har sett at det er eit arbeid som er viktig. Eg ser at det har vekse mykje sia eg gjekk her og det er bra, seier Karsten.

Ulstein sine nye MOT-ambassadør Karsten Warholm vart godt motteken av ungdommane ved Ulstein ungdomsskule då han signerte avtalen måndag 18.september. Her saman med 10.klassingar som er skulerte som «Ung MOTivator». (Foto: Marie Flatin)

-Passar godt som MOT-ambassadør
Dei unge MOTivatorane i 10.klasse synest det er gøy at Karsten vil vere MOT-ambassadør for Ulstein.
-Det er ekstra gøy for oss som går på friidrett, at han kjem frå vår klubb Dimna, samstemmer Mats Fredriksen og Anette Lydersen, som er to av fjorten 10.klassingar som er skulerte som «Ung MOTivator» ved Ulstein ungdomsskule.
– Det at han takkar ja seier noko om han som person og han passar veldig godt som MOT-ambassadør og førebilete for ungdom, held Mats og Anette fram.

Førebilete. Karsten Warholm får gåve av dei unge MOTivatorane Mats Fredriksen og Anette Lydersen. – Karsten passar godt som MOT-ambassadør og er eit førebilete for ungdom, samstemmer dei to 10.klassingane ved Ulstein ungdomsskule. (Foto: Marie Flatin)

-Viser at han bryr seg
Frå Ulstein si side vart avtalen signert ved både lokal MOT-leiar Knut Erik Engh og MOT-rektor Leon Romestrand.
– Det er kjempekjekt at han Karsten vil vere med som MOT-ambassadør i Ulstein. Det viser at han bryr seg om lokalsamfunnet sitt, og at han sjølv har gode erfaringar med MOT frå tida då han hadde dette programmet i ungdomsskulen, seier MOT-leiar og ordførar i Ulstein, Knut Erik.
Rektor Leon samstemmer: – Det er veldig bra at vi har fått inn Karsten Warholm som lokal MOT-ambassadør i Ulstein kommune. Karsten lev opp til dei gode verdiane til MOT, og vi er sjølvsagt stolte over at han er tidlegare elev ved ungdomsskulen. Vi er allereie i dialog rundt eit opplegg der alle elevane ved Ulstein ungdomsskule får møte Karsten og høyre korleis han har arbeidd for å bli verdsmeister, seier MOT-rektoren.

Ulstein – Lokalsamfunn med MOT er stolte av å få med Karsten Warholm på det lokale MOT-laget. Her signerer han avtale saman med MOT-rektor Leon Romestrand ved Ulstein ungdomsskule og MOT-leiar og ordførar Knut Erik Engh i Ulstein kommune. (Foto: Marie Flatin)

Sjå MOT-ambassadør Karsten Warholm bli intervjua av MOT-leiar Knut Erik Engh her:

https://www.facebook.com/UlsteinLokalsamfunnMedMot/videos/802255043286109/

Førebilete for ungdom
Med signering av avtalen er altså Karsten no ein del av det lokale MOT-laget i Ulstein. Forventningane til den nye MOT-ambassadøren er først og fremst å vere ein inspirasjon og eit førebilete for ungdommane.
-Vi veit at Karsten har det hektisk, men vi satsar på at han blir med på eit eller fleire av våre arrangement når det klaffar for han, avsluttar MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein – Lokalsamfunn med MOT.

Signeringa med vår nye MOT-ambassadør er også omtala av følgjande media:

http://www.vikebladet.no/nyhende/2017/09/18/Verdsmeister-og-MOT-ambassad%C3%B8r-15323061.ece

http://www.smp.no/nyheter/2017/09/18/Warholm-med-p%C3%A5-MOT-laget-15322984.ece?cx_front_click=baseline_test&cx_front_click_place=2&cx_front_click_articles=3

https://www.nrk.no/mr/warholm-blir-mot-ambassador-1.13694960

http://www.regionavisa.no/aktuelt/kultur/verdsmeister-pa-ulstein-lag/

FAKTA:

  • MOT er ein ungdoms- og samfunnsbyggjar som utviklar robust ungdom, som inkluderer alle. MOT styrker ungdom si bevisstheit og mot – til å leve, til å bry seg og til å seie nei.
  • Det viktigaste innsatsområdet er MOTs program i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Viktige resultat er mindre hyppig mobbing og rusmisbruk, færre utan ein einaste venn og styrka psykisk helse.
  • MOT vart starta av norske toppidrettsutøvarar. Initiativtakarane var Atle Vårvik og Johann Olav Koss.
  • Ulstein har hatt MOT-programmet ved Ulstein ungdomsskule sia 2006. Sia 2011 har Ulstein vore eit «Lokalsamfunn med MOT».
  • I samband med 20-års jubileet for MOT har organisasjonen gjort nokre endringar. Tidlegare i år signerte Ulstein nye avtalar med MOT, «Skulen som samfunnsbyggjar» og «Kommunen som samfunnsbyggjar».
  • Karsten Warholm er Ulstein sin andre MOT-ambassadør (Artisten Chris Masters signerte avtale i 2015).
  • Forventningar til ein MOT-ambassadør er å vere ungdommeleg, mulegheitsfokusert og oppriktig. I tillegg ta del på ein eller fleire av dei lokale MOT-aktivitetane, samt positiv profilering av MOT ved å vere bevisst seg sjølv som synleg rollemodell og synleggjering av MOT sin logo gjennom ulike kanalar.

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge