Meny
Meny

MOT for 8.klassingane

Siste skuletimen før elevane tok haustferie fekk 8.klassingane besøk av Ulstein ungdomsskule sine unge MOTivatorar.

Tradisjonen tru vart 8.klassingane samla i sine gamle klasser frå barneskulen for det siste besøket av unge MOTivatorar. To av dei tolv unge MOTivatorane var Anette Lydersen og Iver Fiskaa Ødegård som besøkte fjorårets 7C ved Ulsteinvik barneskule.
-Det var mykje energi og veldig gøy å treffe gjengen igjen. Det var kjekt å få høyre korleis dei har hatt det til no på ungdomsskulen, samstemmer dei to 15-åringane.

8.klassingane Stine Breivik Kristensen og Heine Ljones Kulø saman med dei unge MOTivatorane Anette Lydersen og Iver Fiskaa Ødegård. (Mobilfoto: Marie Flatin)

13-åringane Stine Breivik Kristensen og Heine Ljones Kulø gjekk i 7C. Dei synest det var heilt greitt å treffe gamleklassa, men er også glade for å ha møtt mange nye etter dei byrja ved ungdomsskulen i haust.
– Det beste med å byrje på ungdomsskulen er å bli kjent med mange nye folk, meiner Heine.
Stine er einig: – Det er kjekt å gå på samme skule som vennane mine frå Haddal og Hasund.

Tryggare overgang til ungdomsskulen

Alle 7.klassingane i Ulstein hadde to MOT-besøk av unge MOTivatorar siste del av 7.klasse. Formålet med besøka på barneskulen er å førebu og gjere overgangen til ungdomsskulen tryggare.
-Med desse besøka er erfaringa vår at dei som startar som 8.klassingar er tryggare i høve kva som møter dei på ny skule. Unge MOTivatorar er 9.klassingar som etter søknad har vorte valt ut og skulert for å ha MOT-besøk, forklarar MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein – lokalsamfunn med MOT.

-Gøy på ungdomsskulen

No har dei unge MOTivatorane vorte 10.klassingar og er kjende fjes for dei ferske ungdomsskuleelevane å ta kontakt med om dei lurer på noko.
Under besøket sistetimen før haustferien serverte dei unge MOTivatorane kake og saft, hadde kahoot og ikkje minst prata med 8.klassingane om den første tida på ungdomsskulen.
– Er ungdomsskulen slik dokke trudde?
– Eg trudde det ville vere mykje strengare. Det er bra at det ikkje er så strengt. Å byrje på ungdomsskulen er veldig gøy, avsluttar Heine.

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge