Meny
Meny

MOT til å glede-dagen i Ulstein

Årets varmaste dag vart sjølvsagt markert i Ulstein – Lokalsamfunn med MOT!

Det lokale MOT-laget starta på Ulstein ungdomsskule morgonen der elevar og tilsette fekk ein søt start på dagen, smil og fine ord.

Heile skulen var samla i aulaen der vi dansa, hadde appell ved MOT-rektor Leon Romestrand, heidra våre Unge MOTiuvatorar i 10.klasse for innsatsen så langt. Samlinga vart avslutta med ei videohelsing frå vår lokale MOT-ambassadør Karsten Warholm som oppmoda alle om å spreie glede. Han minne også alle om at det ikkje berre på MOT til å glede-dagen er viktig å bry seg. «Kvar dag skal ein vere snille mot folk».

På Ulstein skule vart vi møtt av helsesøster Elin som var inspirert av MOT til å glede-dagen og hadde laga lappar med kjekke ord som vart delt ut på barneskulen. Her saman med 7.klassingane Isak og Isak.

MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin hadde med seg praksiselev Rebecca Hareide Vartdal på besøk til alle 7.klassene i Ulstein. Dette er deira første MOT-møte i skulen. Dei fekk høyre litt om MOT-verdiane – og sjølvsagt vart også 7.klassingane gleda med noko søtt og små lappar med oppmodingar om å spreie glede.

Etter skuletid var fleire av dei unge MOTivatorane i sentrum for å spreie glede til innbyggarane.
Kvelden var ungdomsarbeidaren saman med leiar for Ulstein Frivilligsentral på ungdomsskulen igjen med arrangementet «Festkle gjenbruk» – eit tiltak der folk kunne selge sine festkle og andre kunne kjøpe for ein rimeleg penge.

Unge MOTivatorar gleda folk etter skuletid. Her blir dei følgt av NRK Møre og Romsdal.

MOT-klubben Bell Ungdomsklubb markerte MOT til å glede-dagen fredag 24.november med gratis smoothie, peparkaker og karameller til ungdommane som også fekk små lappar med oppmoding om å spreie glede til dei rundt seg.

Det passa også godt at laurdagskommentaren 25.november i lokalavisa Vikebladet Vestposten var skriven av ein av våre unge MOT-leiarar, Anna Natalie Ballo Hov. Ho skreiv om å bry seg.

MOT-ungdom er mellom spaltistane i Vikebladet Vestposten. Laurdag 25.november var det ung MOT-leiar Anna Natalie Ballo Hov som hadde laurdagskommentaren der ho skreiv om å bry seg.

Med ønske om ei fin førjulstid der vi bryr oss og spreier glede <3

Av: MOT-koordinator Marie Flatin

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge