Meny
Meny

Engasjerte ungdommar

Dei nyutdanna 9.klassingane ved Ulstein ungdomsskule ser fram til å vere med å bidra til eit inkluderande «Lokalsamfunn med MOT».

Dei unge motivatorane saman med MOT-rektor Leon Romestrand, MOT-leiar Knut Erik Engh og MOT-coachane Wenche Gjerde Sætre og Mary Ann Brandal.

Ulstein – Lokalsamfunn med MOT har no totalt 96 ungdommar skulerte som «Ung MOTivator», etter at femten av årets 9.klassingar har gjennomført to dagar med skulering.
Ungdommane som no har fått rolla og oppgåva som «Ung MOTivator» vart valt ut etter søknad og anbefalingar frå medelevar og kontaktlærarar.
MOT-leiar Knut Erik Engh og MOT-rektor Leon Romestrand fekk æra å dele ut t-skjorter til dei skulerte ungdommane, og understreka kor viktig deira rolle i MOT-arbeidet er.
– Vi gratulerer og ser fram til å ha dokke med på laget. Rolla og jobben som unge motivatorar er veldig viktig og vi set stor pris på at dokke vil vere med å skape eit inkluderande miljø både på skulen og elles.

Denne hoppande glade gjengen er våre nye unge motivatorar!

Besøker 7.klassingane
Ei av dei viktigaste oppgåvene desse ungdommane har er besøka til alle 7.klassene i kommunen. Gjennom to besøk i vår vil dei snakke med 7.klassingane om MOT sine grunnverdiar: Mot til å bry seg, mot til å seie nei og mot til å leve. Og ikkje minst vil dei ta i mot spørsmål om korleis det er å gå på ungdomsskulen.
– Denne delen av MOT-programmet har vi hatt sia 2012 og tilbakemeldingane er gode. Fleire av dei som søker om å bli «Ung MOTivator» gjer det mellom anna fordi dei sjølve hugsar kor kjekt og viktig det var å få besøk då dei gjekk på barneskulen. Desse ungdommane er med på å gjere overgangen til ungdomsskulen tryggare, seier MOT-koordinatoren.
Ho hadde ansvar for skuleringa, saman med MOT-coachane Wenche Gjerde Sætre og Mary Ann Brandal.
– I tillegg til å gå gjennom, og øve på manus, har ungdommane gjennom skuleringa mellom anna lært om bevisstgjering på seg sjølve og eigne verdiar, om å vere gode rollemodellar og dei har lært formidlingsteknikk, forklarar MOT-coachane som hadde det faglege ansvaret for skuleringa.

Gode samarbeidspartnarar
For å få ein samansveisa gjeng med felles mål om å bidra til robust ungdom som inkluderer alle, er det sosiale vel så viktig som det faglege i skuleringa. Mellom anna hadde ungdommane ei treningsøkt der instruktør Hege Holstad tok dei med på ulike aktivitetar, fleire med fokus på samarbeid.
– Kvart år stiller Hege opp og det set vi stor pris på. I år var vi også heldige å ha med fleire gode samarbeidspartnarar for å skape ei kjekk samling for dei engasjerte ungdommane. Tusen takk til Quality Hotel Ulstein som spanderte frukost på oss begge dagane, og til Napoli Pizza som sponsa oss med pizza som avslutning på skuleringa, seier MOT-koordinatoren.
Ein stor takk går også til fjorårets skulerte MOT-ungdommar som kom for å lage festmiddag til, og vere saman med 9.klassingane kvelden første skuleringsdag.

Inspirasjon frå unge MOT-leiarar
Anna Natalie Ballo Hov, Hedda Strømberg og Synnøve Rabben går første året på vidaregåande skule. Desse tre viste i rolla som «Ung MOTivator» på ungdomsskulen eit ekstra stort engasjement og fekk reise til MOT-camp i Trondheim for utdanning som unge MOT-leiarar i fjor. Dei var invitert til festmiddagen og fortalte ungdomsskuleelevane om deira forhold til MOT og kor viktig det er å engasjere seg.
– Besøka til 7.klassingane er viktig, men det er også like viktig å engasjere seg i skulekvardagen både i MOT-loungen og når det er arrangement og aktivitetar på skulen. Rolla som «Ung MOTivator» har du heile tida, fortalde dei tre jentene til dei unge motivatorane.
Dei oppmoda også om å engasjere seg utanom skuletida. Til dømes den årlege «MOT til å glede-dagen» der vi brukar å spreie glede i sentrum og andre stader i kommunen. Dei tre har også valt å engasjere seg som frivillige i crewet på MOT-klubben Bell.
– Vi ønsker å ha MOT-kveld på Bell Ungdomsklubb ein kveld per månad og håpar at dokke blir med og hjelper til, heldt dei fram.

Av: Marie Flatin, Ulstein – Lokalsamfunn med MOT

 

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge