Meny
Meny

Stor MOT-dag i Ulstein

Onsdag 7.februar får Ulstein besøk av Bjørg-Elin Moen frå MOT. Få med deg kveldsforedraget på Ulstein ungdomsskule for å lære og bli inspirert.

MOT-rektor Leon Romestrand og MOT-leiar Knut Erik Engh ønsker velkommen til Ulstein ungdomsskule onsdag 7.februar kl.19-21 til det opne MOT-foredraget. – Få med deg eit lærerikt foredrag om korleis du kan bidra til eit varmare og tryggare samfunn, samstemmer dei.

-Det er eit ordtak som seier at det trengs ein heil landsby å oppdra eit barn. Å skape trygge rammer for barn og ungdom er eit ansvar vi alle deler, seier ordførar og MOT-leiar i Ulstein, Knut Erik Engh.
Han anbefaler alle som har mulegheit til å ta del på det opne MOT-foredraget på Ulstein ungdomsskule onsdag frå kl.19-21.
Femten av Ulstein ungdomsskule sine 9.klassingar er nyutdanna som «Ung MOTivator», og dei vil også oppmode at flest muleg av vaksne som har å gjere med barn og ungdom får med seg foredraget: – MOT er viktig, samstemmer ungdommane.

Skape kultur for inkludering
Alle føresette til elevar ved Ulstein ungdomsskule har fått invitasjon. I tillegg er alle som jobbar med barn og ungdom gjennom jobb og på fritidsarenaen spesielt inviterte.
MOT brenner for å forsterke sitt arbeid ved å forsterke vaksne sin felles forståing for viktigheita av å skape ein kultur der alle er inkludert.
-Foredraget har fokus på tre faktorar i møte med barn og unge. Desse er bakgrunnsforståing, skape godkjensla og tøff kjærleik, fortel MOT-leiaren.

Varmare og tryggare samfunn
Foredragshaldar Bjørg-Elin Moen har doktorgrad i psykologi fra NTNU. Ho er tilsett i MOT og er kjent som ein inspirerande og modig foredragshaldar. Ho vil blande forsking, historier og erfaringar slik at du går ut derfrå og veit meir om kva du kan gjere for å bidra til eit varmare og tryggare samfunn for ungdommane.
– Ho er svært inspirerande å høyre på, snakkar eit språk alle forstår og kjem med gode eksempel. Vi håpar mange vil ta seg tid til dette viktige foredraget, seier ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein.

MOT for tilsette ved ungdomsskulen
Ulstein kommune er eit «Lokalsamfunn med MOT» og har hatt MOT-programmet ved Ulstein ungdomsskule sia 2005. I fjor forsterka Ulstein kommune sitt samarbeid med den haldningsskapande organisasjonen med signering av avtalane «Kommunen som samfunnsbyggjar» og «Skulen som samfunnsbyggjar». Det er gjennom sistnemnde avtale vi får besøk av Bjørg-Elin Moen. I tillegg til kveldsforedraget vil alle tilsette ved Ulstein ungdomsskule ta del på ei fem timar lang kompetanseheving med MOT.
– Alle elevane ved ungdomsskulen deltek på mange MOT-økter, men ikkje alle lærarar er involverte i dette arbeidet. For at MOT sine verdiar og prinsipp skal setje seg enda betre i organisasjonen, så er det viktig at alle tilsette også blir kompetanseheva, seier MOT-rektor Leon Romestrand.

Av: Marie Flatin, Ulstein – Lokalsamfunn med MOT

Del denne artikkelen

Fant du det du lurte på?

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge